Heimelaga iskrem

Parfait eller fløyteiskrem er iskrem som pga høgt innhald av fløyte og eggeplommer, ikkje treng kjørast i ismaskin eller rørast i under frysing. Før ein lagar sjølve iskremen, må ein blande crème anglaise, kremen av eggeplommer, fløyte og sukker,  og la den avkjølast. Ein må også på førehand ha laga den italienske marengsen og la den vere godt avkjølt.

Vaniljeiskrem til ca 20 personar i porsjonsformer

  • 400 g crème anglaise
  • 9 dl  kremfløyte
  • 300 g italiensk marengs
  • Smak til med vanilje etter ein av eksempla under:
  • 1 vaniljestang (splitt, skarp ut frøa og kok saman med litt av fløyten og avkjøl før visping)
  • 1/2 ts vaniljepulver av ekte vanilje
  • 2 ts ekte vaniljesukker
  • Pisk fløyten stiv, bland i kald crème anglaise og smakstilsetjing, bland til slutt i den italienske marengsen. Sett i frysar minst 8 timar for store former og minst 5 timar for porsjonsformer. Ta ut av frysaren og set i kjøleskap 1/2 time før servering.

DSC03754

Tips: Du kan bruke samme oppskrifta til andre smakskombinasjonar, her er det berre fantasien som set grenser.