Hyllebærkompott/saus

 

  • 8 dl hyllebær
  • 4 dl vatn
  • 2 dl sukker
  • 3 ss maizena
Kok bær, sukker og vatn på lav varme i 10 minutt, passer gjennom ein sil for å få bort kjernane.
Kok opp safta, det blir ca ca 6 dl. Ha  på jevning av 3 ss maizena utrørt i litt kaldt vatn. Gje eit raskt oppkok.
Kan brukast rein eller som ein hyllebærkrem tilsett piska fløyte. Litt frisk frukt ved sida av gjev fin kontrast til hyllebærsmaken.
Tips: Denne mengda maizena gjev ein fyldig kompott. Prøv deg fram med mindre mengder for å få den konsistensen du ønskjer.
Advertisements