- 1/2 kg kvitt sukker
- 125 g vatn
- 250 g eggekvite
- Kok sukker og vatn forsiktig under lokk til ca 119 grader C. Prøv med sukkertermometer eller kuleprøven* om sukkerlaken er varm nok. OBS – dette er varmt!
- Hell den varme sukkerlaken i tynn stråle i eggekvitane under kraftig pisking i miksar. La miksaren gå til du har ein seig og glatt masse, som er blitt noko avkjølt. Avkjøl vidare etter piskinga.
- Held seg inntil eit døgn i kjøleskap, men taper seg litt i konsistensen hvis den står så lenge. Kan også frysast.
*Hell litt sukkerlake i kaldt vatn, sjå om dråpen kan formast til ei kule.
Dette er ein viktig del av heimelaga fløyteiskrem og frukt- eller bærsorbet. Marengsen kan elles brukast til alt anna ein treng marengs til.