Til 4-5 personar
- ei korg jordbær
- 100 g eggeplomme, ca 5 stk
- 75 g hylleblomsaft
- 75 g kvitvin
- 50 g sukker
- Ha alt i ei skål som toler varme. Sett skåla over ei gryte med varmt vatn, vatnet skal ikkje nå opp til skåla.
- Varm opp, og pisk heile tida. Pisk til blandinga er luftig og har kremkonsistens.
- Ta skåla bort frå varmen og fortset å piske til blandinga er litt avkjølt og held forma.
- Aus over dei nyplukka jordbæra og server.
Tips: Hylleblomsafta er eigentleg en slags sirup, den er laga på sukkerlake og inneheld mykje sukker. Derfor bør vi gå ned på sukkermengda i forhold til ein klassisk sabayonne som blir laga med like deler av eggeplommer, sukker og vin. Samtidig blir hylleblomstsafta ein del av den totale væskemengda, slik at vi og må justere mengda vin. I denne desserten fungerer ein Moscato d’Asti perfekt, den har dei samme smakstonane i seg som hylleblomsten. Serverer du eit glas ved sida av desserten òg, gjer du stas på både jordbæra og hylleblomsten. Ein søt riesling vil òg fungere her, då hyllebomstsirupen gjer sabayonnen ganske søt.
Tips: Syns du sabayonne høyrest veldig komplisert ut? Tenk eggedosis, berre at du brukar ein god vin i og at du piskar for hand over varme.