Jordskokksuppe

Til 10 personar som forrett

  • 1 kg jordskokk
  • 1 l lys kraft, f eks hønsekraft, grønsakkraft eller buljong
  • 1 l fløyte
  • salt
  • evt litt sitronsaft

Skrell jordskokken og skjer i bitar. La han ligge i kaldt vatn til han skal i gryta, slik at han ikkje mørknar. Kok jordskokken i kraft eller buljong til han er møyr, det tek ca 1/2 time. Tilset fløyten og kjør suppa glatt. Smak til med salt . Du kan og smaka til med ørlite sitronsaft. Pynt med friske urter om du har og litt olivenolje. Server med nybakt brød til.

Tips: Litt god olivenolje og noko grønt hevar sanseinntrykka og gjev tilskot av nyttig næring . Her har eg brukt blad av brønnkarse, dyrka fram på kjøkkenet gjennom vinteren, med litt ekstra lys.