Kantarellsaus

  • 1/2 l rensa kantarell i passe bitar
  • 1 stor sjalottløk, hakka
  • 1 ss smør
  • 1 dl eplecider
  • 3 dl fløyte
  • tørka eller frisk timian
  • salt, pepar
  • Surr sjalottløken litt i smøret før du tilset kantarellen.  La det surre litt saman og tilset cideren, la den koke nesten inn. 
  • Tilset fløyten, la det putre 10 -15 minutt, smak til.
  • Denne sausen passar svært godt til pannesteikt fjellaure. Prøv han òg til laks eller aure.

Tips: Har du ikkje eplecider, kan du bruka anna kvit vin. Du kan og lage sausen berre med fløyte, evt med nokre dropar eplecidereddik eller kvitvinseddik.