Kantarellsuppe

    • 1/2 – 1 l rensa kantarell, i passe bitar
    • 2 ss olivenolje eller smør
    • 1-2 hakka sjalottløk
    • evt 1/4 kinesisk kvitløk eller et par fedd vanlig
    • 1/2  l buljong eller lys kraft av høns/kylling
    • 1 dl eplecider eller kvitvin
    • 1/2 l fløyte
    • hakka frisk timian eller bladpersille, du kan og bruka tørka timian
    • Surr sjalottløk til han er blank, tilsett kantarellen og la det surre saman nokre minutt. Hell i cideren og la den koke inn. Tilsett så kraft og fløyte og la det koke saman i 10 – 15 minutt. Smak til.
    • Syns du suppa blir for tynn, kan du ha i litt maizenajamning, bruk då ca 1-2 ts maizena utrørt i litt kaldt vatn