Krema kinakål med basilikumpesto

Til 10 personar

  • 2 store kinakål
  • 9 dl fløyte
  • 2 glas basilikumpesto à 190 g
  • 1,5 ss maizena
  • salt
  • Snitt kinakålen fint på tvers. Surr han i godt, varmt smør til han nett fell saman. Rør inn pestoen og tilset fløyten. La dette trekke forsiktig, og smak til. Gje eit raskt oppkok, rør ut maizena i litt kaldt vatn og tilset under omrøring. La kålen vere på kokepunktet i ca 5 minutt.

Ver obs på at basilikumpesto vanlegvis inneheld cashewnøtter eller pinjekjernar, det kan vere nokon i selskapet som er allergiske mot det.

Du kan også tilpassa denne retten til å vere mjølkefri. Då brukar du pesto utan ost, enten heimelaga eller frå butikken. Det finst både i daglegvarehandelen og til storhushaldning. Då må sjølvsagt også fløyten takast bort og du må surra kinakålen i olje eller mjølkefritt smør. Det blir ein meir konsentrert smak av basilikum og veldig godt.