Grilla kreps
Fersk, frosen sjøkreps må tinast sakte i kjøleskap, ca eit døgn.
Grill krepsen i skalet, ca 10 minutt. Dette kan gjerast på grill eller i steikeovnen. Følg med!
Avkjøl krepsen og rens han.
Hollandaisesaus. Glutenfri
10 porsjonar
- 1 laurbærblad
- 70 g grovhakka løk
- 1 ts heil svart pepar
- ¾ dl kvitvinseddik
- 2 ¼ dl kvitvin
- 500 g smør
- 5 eggeplommer
- salt
Kok løk og krydder i vatnet i ca 20 minutt. Sil. Du har no ein reduksjon.
Ha smøret i ein kjele og varm opp til det begynner å koka. Flytt kjelen bort frå varmen, slik at mjølkerestane søkk til botnen. Hell så det klara smøret over i ein bolle utan at botnfallet følgjer med.
Ha eggeplommene i ein stålbolle og tilset 1 ss reduksjon pr eggeplomme under kraftig visping. Set bollen i vassbad på ca 60 grader og pisk til massen har eggedosisliknande konsistens. Set bollen i ein høveleg kjele med ein fuktig klut under kjelen slik at det står stødig. Tilset no det klara smøret i små mengder medan du piskar heile tida. Blir sausen for tjukk, kan den vera på veg til å skilja seg, tilsett i såfall ei spiseskei kaldt vatn.
Smak til med salt. Sett kjelen og bollen tilbake i vassbad for oppbevaring på ca 40 grader til servering.
Kokt asparges
Knekk eller skjær aspargesen slik at den nedste delen ikkje vert med. Ein skal kunna treffe det rette punktet når ein knekker aspargesen. Kok i vatn tilsett salt og ørlite sukker. Kok mellom 1 og 5 minutt, etter kor tjukk aspargesen er. Skal han serverast kald, bør han i isvatn rett etter kokinga. Skal han serverast varm eller lun, er det viktig at det er kort tid mellom koking og servering. La han renne godt av og legg 3-4 asparges på kvar tallerk, to fine krepsar oppå og hollandaisesausen rundt. Ein raus kvast basilikum passar godt her.
Tips: Asparges steikt på panna eller grilla vert òg veldig godt her.