Neslesuppe à la Henjatunet

Kok kraft av:

  • 1 høne
  • gode grønsaker i bitar ; 1 gulrot, 1/2 selleri, 1 løk, 1/2  purre 
  • evt nokre persillestilkar
  • 2 laurbærblad, 1/2 ts heil pepar, ei ts salt
  • Hell på kaldt vatn til alt er dekka, kok opp og skum av.  Tilset salt og krydder og la alt trekka i 3-4 timar. Når kjøttet løsnar frå beina , er det ferdig.
  • Avkjøl krafta og sil krafta.

Til suppa treng du:

  • ca 2 l friske unge nesleskot
  • 1 liten stilk løpstikke
  • 1 løk
  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • ca 1/2 dl tørr vermuth, Noilly Prat
  • ca 1/2 l kraft
  • ca 1/2 l fløyte
  • Forvell nesleskota 5 minutt i kokande vatn, skyll i kaldt vatn og hakk dei grovt. Grovhakk løken og fres han blank i smøret. Tilset nesleskota og hakka løpstikke og la alt surre saman nokre minutt. Dryss på kveitemjøl og rør det godt inn. Spe med  vin, kraft og fløyte. Køyr suppa fin med stavmiksar, kok opp og la koke 10 – 15 minutt.
Advertisements