Økologiske speltbrød til suppe eller forrett

Økologiske speltbrød er mitt førstevalg når det gjeld gjærbakst. Mange tåler spelt betre enn kveitemjøl, og eg får bruka denne ekstra næringsrike kornsorten.
I bakesamanheng oppfører spelt seg omtrent som kveitemjøl, så  du kan stort sett berre byta ut eller bruka dei to sortane om kvarandre. Ofte får du tak i speltmjøl som er malt på tradisjonelle steinmøller og som er dyrka økologisk. Det er altid eit pluss.

Slik lagar du kjempegode småbrød av økologisk spelt.

  • 1/2 l melk el halvparten melk og vatn
  • 10 g gjær
  • 1 ts salt
  • 1 ss sukker
  • 4 ss olivenolje
  • 2 egg , 1 til deigen og 1 til pensling
  • ca 1 kg fint økologisk speltmjøl
  • evt sesamfrø til pynt
  • Kaldheving: Rør gjæren ut i kaldt eller romtemperert væske, tilsett salt,  sukker, egg og olivennolje. Bland til slutt i mjølet og elt til ein jevn deig som slepp bollen. Set til heving i kjøleskap til neste dag. Bak fine småbrød og la dei etterheve på benken ca 1 time. Pensle med samanvispa romtemperert egg, strø evt sesamfrø over og steik på 225 grader i 8 – 10 minutt.
  • Varmheving: Varm opp melka/melkeblandinga til fingervarmt. Rør ut gjæren og tilsett salt,  sukker, egg og olivennolje. Bland til slutt i mjølet og elt til ein jevn deig som slepp bollen.. Set til hevingpå kjøkkenbenken nokre timar. Bak fine småbrød og la dei etterheve på benken ca 1 time. Pensle med samanvispa romtemperert egg, strø evt sesamfrø over og steik på 225 grader i 8 – 10 minutt.
  • Bruk dei til suppe, som tilbehør til ein forett eller som frukostbrød.

Tips: Hvis du vil laga desse uten egg er det ingen problem. Dropp egget i deigen og pensle berre med romtemperert vatn.