Om Gardskjøkkenet

Eg, Åse Kongsvik, har budd i Sogn i rundt 25 år og har jobba med mat som stor del av yrkeslivet i meir enn 20 av desse, både som sjølvlært kokk og kokebokforfattar.

Tre bøker har det blitt, to reine tradisjonsmatbøker frå Sogn og Fjordane, «Fjordamat» og «Alle tiders Fjordamat» som vart laga saman med Kari Støfringsdal. Desse to er ikkje  i salg lenger, men finst i form av boka Fjordamat, som er ei revidert utgåve av begge bøkene.

I «Ta Kaka» er vi tre forfattarar som deler Vestlandet mellom oss og dukkar ned i den bugnande kakehistoria. Mine medforfattarar var der Kari Støfringsdal og Heidi Brunstad – Øyehaug, og fotograf var Oskar Andersen.
Ved Henjatunet Gardsrestaurant har eg fått utfalda meg med lokale og økologiske råvarer, og laga god og ekte mat frå botn av.

Dette har vore viktige og gode år og vil nok også resultera i ei bok etterkvart.

Gardskjøkkenet handlar om å henta det beste frå naturen rundt oss for å skapa minnerike måltid. Det handlar om å vera merksam på kva som til ei kvar tid er aktuelle råvarer nært oss og bygga menyen rundt desse.

Gardskjøkkenet er ein måte å tenkja om mat på, der det å vera tilstades her og no, går hand i hand med planlegging. Gardskjøkkenet vil inspirera til å la årstidene og skiftingane i naturen påverka matlaginga.

DSC03587

Matglede er både det som skjer hos den som lagar maten og den som får maten servert. Det er gleda over å kunna servera den aller første rabarbraen om våren og å finna akkurat nok kantarell til det planlagde selskapet. Gjesten si verdsetjing av det ferdige måltidet bekreftar og forsterkar gleda.

Matglede handlar også om takksemd og om å vera audmjuk. Det ligg mykje matglede i å vera bevisst på kor heldige vi er som får eta oss mette og vel så det, kvar einaste dag.

dsc04009

Etter mange år og mange nøgde gjester, har eg mykje eg ønskjer å dele av matglede. Oppskrifter, framgangsmåtar og råvarekunnskap, når  dei ulike råvarene er tilgjengelege, kor  dei finst og korleis ta vare på dei – dette er spørsmål du vil finna svar på  om du tar turen innom Gardskjøkkenet av og til.

Eg er så heldig å bu og laga mat i Sogn og Fjordane, eit område som har mykje å by på av matopplevingar; fantastisk frukt og bær, kjøt frå dyr som har hatt eit godt liv, fersk fisk og skaldyr henta opp  frå fjorden og havet, vidareforedla mjølkeprodukt i verdsklasse og mykje, mykje meir. Og bak alt dette står stødige og stolte matprodusentar, som set si ære i å produsera kvalitetsmat til folket. Dette er også noko eg ønskjer å løfta fram gjennom denne bloggen.

DSC03512

Bloggen er også min eigen måte å skaffa oversikt på. Med nokre unntak, er eg ikkje noko oppskriftsmenneske, eg brukar oppskrifter til inspirasjon og så tilpassar eg til eige bruk så mange gonger at eg til slutt har gløymt kva som var det opprinnelege. Bloggen utviklar seg derfor i takt med at nye og gamle oppskrifter kjem på plass.

Det tar litt tid å laga god mat og ved å la bloggen styrast av det som skjer rundt meg, blir dette også ein litt sakte matblogg. Deler av året skjer det ikkje så mykje og det går sakte av den grunn. Så er det tidspunkt der det skjer så mykje at eg kunne ha lagt ut noko nesten kvar dag. Som elles i livet, kan det då vera behov for å ta ein ting om gongen, gjera  dette ordentleg og la andre ting venta. Slik blir det også her.