Plommer i vanilje

  • Bruk modne, faste plommer som løyser steinen lett, td Mallard, Reeves, Jubileum
  • Kok lake av: 2- 300 g sukker pr liter vatn
  • 1 vaniljestang eller  1 ts vaniljepulver
  • La laken koke litt før du har i dei halve plommene
  • La dei trekke forsiktig ca 5 min til dei er såvidt gjennomtrekte. Dette varierer litt frå plomme til plomme, men generelt toler dei lite før dei fell saman. Ta dei forsiktig opp og la dei renne av seg i eit dørslag. Server så fort som mulig etter at dei er ferdig trekte. Server gjerne safta som renn av plommene, ved sida av.
  • Det som er målet her, er å presentere plommene så nært den friske smaken som mulig.
  • Laken kan avkjølast og brukast fleire gonger. Då må han lagrast kjøleg og få eit godt oppkok, evt med litt meir sukker, før bruk. Du kan  óg bruka han som basis for ein kompott. Eller han kan kokast inn og  bli ein dessertsaus.

Ein variant av denne desserten får vi ved å trekkje heile plommer med stein. Dei kan då ligge i den kokande laken lenger , ca 10 – 15 minutt, og plommene kan avkjølast og lagrast kjøleg nokre dagar før bruk.

Advertisements