Foto: Åsmund Kongsvik Aall
Potetsalat er eit mykje brukt tilbehør og dei fleste har sin favoritt dei lagar eller kjøper ferdig enten det er grilling på gang eller ein treng noko til koldtbordet. Så kva med å prøve denne enkle, men svært smakfulle potetsalaten med dressing av olje og eddik, neste gong du skal ha potetsalat? Dette er den enklaste det går an å lage, du treng ikkje eingong vente til potetene er kalde eller skrelle dei. Og potetene kjem verkeleg til sin rett, særleg på sommarstid når nypotetene er freistande og fine. Grasløk er flott som grønt til pynt og smak, men mange andre grønne urter kan prøvast.
Slik gjer du:
- Kok potetene såvidt møyre med skalet på. Avkjøl dei litt før du skjer dei i skiver.
- Lag dressing av ein del god eddik og tre deler god olivenolje, salt, pepar og hakka friske urter. Vend potetene inn i dressingen medan dei enno er varme og la dei stå til servering. Server lun eller avkjølt etter smak.
Tips: Balsamcoeddik, sherryeddik, kvitvinseddik eller rødvinseddik kan alle brukast til dette.