Bruk fine poteter med tynt skal, sortar som Berber, Ariele og Solist er fine. Det meste av året er det nok dei franske gourmetpotetsortane som er lettast få tak i til denne bruken, Amadine er då eit godt val.
- Kok potetene frå 15 til 20 minutt etter storleik, dei skal vere nesten ferdigkokte og møyre, men ikkje heilt.
- La dei dampe av seg før du legg dei i ei langpanne og dynkar dei lett med olivenolje, strør over fingersalt og kvernar over godt med pepar.
- Så skal dei i varmluftsovn på 150 grader, i 15 – 20 minutt.
- Ta fram langpanna og rist på potetene eit par gonger.
- Server rett frå ovnen, obs at dei er svært varme på grunn av olja.