Sitronsmør/lemoncurd

Sitronsmør

  • saft av 2-3 store økologiske sitroner, ca 1 dl
  • rive skal av 1 – 2 økologiske sitroner
  • 100 g sukker
  • 3 eggeplommer og 1 heilt egg ( tilsaman  ca 100 g )
  • 100 g kaldt usalta smør i terningar
  • Visp saman alle ingrediensane utanom smøret i ei tjukkbotna gryte og varm opp på svak varme til blandinga tjuknar. Visp heile tida og pass  på at blandinga ikkje set seg i botn og svir seg eller blir «eggerøre». Når kremen er tjukk og glatt og heng på baksida av ein kakespade, er han klar. Visp inn smøret litt etter litt, samtidig som det smeltar.
Advertisements