Smørsteikte bondebønner med sopp

  • 200 g reinsa bondebønner
  • 1oo g kantarell eller anna fersk sopp
  • hakka kvitløk
  • hakka bladpersille
  • smør til steiking
  • fingersalt, kverna pepar

Fres soppen og bønnene i smøret 4-5 minutt, til bønnene er møyre, tilsett kvitløk og la det surre litt. Tilsett hakka persille, salt og pepar til slutt. Server med godt brød til.

Tips: Får du ikkje tak i bondebønner, kan du bruka alle slag grønne bønner. Husk at alle grønne bønner skal varmebehandlast før du et dei.

Advertisements