- 100 g smelta smør
- 100 g fin spelt eller kveitemjøl
- 100 g brunt sukker, kokosblomstsukker eller vanleg sukker
- 100 g havregryn
- ca 3 – 400 g rabarbra i fine bitar (3-4 fine stilkar)
- 2-3 ss sukker
- 1 ts vaniljesukker eller eit lite dryss rein vanilje
- Bland alt til deigen saman.
- Legg rabarbraen i ei smurt paiform, dryss sukker og vanilje over.
- Fordel smuldredeigen over og set i ovnen.
- Steik på 200 grader i ca 30 minutt.
Enklare blir det ikkje. Bortsett frå steikinga, er alt gjort på 15 minutt, inkludert å ta ein tur ut i hagen og hente rabarbra. Og alt etter smak kan du servera med piska krem, vaniljekesam eller tjukk tyrkisk yoghurt. Vaniljeiskrem vil også passa veldig godt til. Nyt våren!
Tips: Det fine med denne oppskrifta er at du kan byte ut det meste og tilpasse til dei fleste allergiar og intoleransar. For eksempel fungerer glutenfritt mjøl og mjølkefritt «smør» , fint i denne oppskrifta. Paien inneheld heller ikkje egg.
Tips: Det kan vera lurt å dryssa litt sukker over rabarbraen i forma og gjerne litt vanilje hvis du har. Vaniljen er også med å balansera den syrlege smaken, slik at du kan bruka mindre sukker.