Suppe med traktkantarell og svartkål

Heile hausten kan vi hausta godsaker i skogen. Så lenge frosten ikkje er kommen, vil du kunne finna traktkantarell, ein smakfull sopp som óg er av dei mest anvendelege. Soppen kan sjølvsagt brukast fersk, men òg halde seg lenge i kjøleskapet, i frysaren  og han kan tørkast og ligga på eit tett glas i fleire år.
Som med all soppsanking, må ein vite kva ein plukkar. Har du ikkje plukka traktkantarell før, så ta med deg nokon som kjenner han når du plukkar første gangen. Det beste er sjølvsagt å gå på eit soppkurs, men det lyt vel bli til neste år. Sjølv om han ikkje liknar på nokon giftige soppar, kan det ofte veksa giftige soppar i samme området og også tett saman med traktkantarellen, slik at feil sopp kan havna i korga. Den sjansen må du ikkje ta! Kvar traktkantarell plukkast og sjekkast enkeltvis.
Når soppen først er kommen i hus og ein er 100 % sikker på det som er i korga, vil eg anbefale denne suppa som også inneheld svartkål. Svartkålen er også i sesong no, og han let seg heller ikkje stoppa av frosten.
Suppa passar godt som ein forrett, eller som ein lunsj  – eller kveldsrett, gjerne med godt brød til. Kvifor ikkje ei skive surdeigsbrød?

Traktkantarellsuppe med svartkål

  • 1 ss smør eller olje
  • 2 sjalottløk, hakka
  • 1/3 kinesisk kvitløk eller 2-3 fedd vanlig, finhakka
  • 1 l traktkantarell, rensa
  • 1 neve svartkål i strimler
  • 7,5 dl kylling/hønsekraft eller buljong
  • 1,5 dl cider/kvitvin, feks Balholm cider med malt
  • Surr løk og kvtløk til blank og mjuk, ha i soppen og svartkålen og surr nokre minuttar til . Tilset kraft eller buljong og la det heile putre i 15-20 minutt. Dei siste 5- 10 minuttane lar du cideren koke med.
  • Smak til med salt og pepar.

Tips: Bruk gjerne sopp frå butikken om du ikkje finn i skogen. Aromachampignon eller vanleg champignon blir godt i denne suppa. Svartkålen kan bytast ut med vanleg grønkål.

Tips: Dersom du brukar grønsakbuljong eller heimelaga grønsakskraft, blir dette ein vegetarisk og vegansk rett.