Hylleblomsten er her – hent inn sommarsmaken!

No blømer hyllen. Eg er så heldig å sjå rett ned på eit felt med blømande hyll, der hylleblomsten med sine kvite skjermar lyser opp det mørkt grøne bladverket. Du finn han óg forvilla over store deler av landet, så ser du deg litt rundt no, er det store sjansar for at du oppdagar ein…

Vårlig 17.mai dessert

I dag fekk eg lyst til å henta fram ein tradisjonsdessert som prisar både våren og nasjonaldagen vår. Eg fann oppskrifta under arbeidet med  Ta Kaka,  i ei kokebok mamma hadde på husmorskulen tidleg på 50 – talet. Eg vil tru at desserten vart til nettopp i gleda over at våren kjem med ferske smakar og at…

Nyt våren – med rabarbra

Korleis lage noko godt med rabarbra og samtidig nyte ein fantastisk vårdag ute? Jo, du ventar til sola nesten har gått ned, tek denne superenkle smuldredeigen og lagar ein smuldrepai med rabarbra. Oppskrifta er sterkt inspirert av ein god kollega, men som vanleg må eg fiksa litt på oppskriftene sjøl. Eg hadde ikkje brunt sukker…

Vår – med ein smak av sommar

Så var våren her, endeleg! Sjølv om det har vore kaldt og ikkje noko drivande ver, måtte eg prøva rabarbraen alt i forrige veke. Dei første få stilkane måtte nesten gravast fram, det var fint lite som stakk opp for berre nokre dagar sidan. Eg måtte på bygda og tigga stilkar for å få nok…