Vaniljekrem

Vaniljekrem

  • 3 eggeplommer
  • 1 ss maizena
  • 2,5  dl fløyte, evt halvparten H-mjølk
  • 45 g sukker
  • 1 ts ekte vaniljesukker eller ei vaniljestang
  • Bland eggeplommene med maizena i ein bolle. Splitt og skrap ut frøa på vaniljestanga og ha både frø og stang i fløyten. Kok opp fløyten/fløytemjølka med sukkeret og  vaniljen. Hell kokande fløyte over eggeplomme/maizenablandinga, mens du vispar godt. Hell blandinga tilbake i kjelen gjennom ein sil. Varm opp på svak varme under visping, la kremen tjukne medan du vispar heile tida.
  • Avkjøl kremen og bland evt inn fløyte som du har stivpiska.
Advertisements